Logo
🔍

Salmenes bok 140 N78NN

« Fri meg frå vonde menneske, Herre!

1. Til korleiaren. Ein Davids-salme.

2. Fri meg frå vonde menneske, ¬Herre, vern meg mot menn ¬som gjer vald!

3. Dei har vonde tankar i hjarta og eggjar dagleg til strid.

4. Dei har kvasse tunger ¬som ormar, under lippene har dei eiter. Sela

5. Vakta meg, Herre, ¬for nidings hand, vern meg mot menn ¬som gjer vald, og som gjerne vil få meg ¬til å snåva.

6. Stolte set dei snarer for meg, attmed vegen ¬spenner dei tog som garn og set feller for meg. Sela

7. Eg seier til Herren: ¬Du er min Gud, Herre, høyr mi inderlege bøn!

8. Herre Gud, min sterke frelsar, du vernar mitt hovud ¬på stridens dag.

9. Lat ikkje nidingen ¬få det han ynskjer, lat ikkje hans planar ¬lukkast, Herre! Sela

10. Dei som samlar seg kring meg, ¬lyfter hovudet. Lat det vonde dei talar om, ¬råka dei sjølve!

11. Lat det regna gloande kol ¬ned over dei, lat dei falla i djupe groper, så dei ikkje kjem opp.

12. Dei som talar vondt ¬om andre, skal ikkje få vera i landet. Valdsmenn skal jagast ¬av ulukke og få slag på slag.

13. Eg veit at Herren ¬fører saka for dei arme og hjelper dei fattige ¬til deira rett.

14. Ja, dei rettferdige ¬prisar ditt namn, dei ærlege ¬får bu for ditt åsyn.

»