Logo
🔍

Salmenes bok 141 N11NN

«

1. Ein salme av David. Herre, eg ropar til deg. Skund deg til meg! Lytt når eg ropar!

2. Lat mi bøn vera røykjelse for deg, mine opplyfte hender eit kveldsoffer.

3. Herre, set vakt for min munn, vern mine leppers dør!

4. Bøy ikkje mitt hjarte mot det vonde, mot lovlaus gjerning saman med dei som gjer urett! Den utsøkte maten deira vil eg ikkje smaka.

5. Lat ein rettferdig slå meg, det er kjærleik. Lat han refsa meg, det er olje på mitt hovud, slikt avviser eg ikkje. Men mi bøn står stadig mot deira vondskap.

6. Dommarane deira skal støytast nedover berget, dei skal høyra at orda mine var gode.

7. Knoklane våre ligg strødde ved gapet til dødsriket som når ein pløyer og velter opp jord.

8. Gud Herre, auga mine er vende mot deg, eg søkjer tilflukt hos deg. Riv ikkje vekk livet mitt!

9. Vern meg frå snara dei set for meg, for fellene til dei som gjer urett!

10. Lat dei urettferdige falla i eige garn medan eg går rett forbi.

»