Logo
🔍

Salmenes bok 141 N78NN

« Herre, mine augo er vende mot deg

1. Ein Davids-salme. Herre, eg ropar til deg. Skunda deg og hjelp meg! Vend øyra til mi røyst ¬når eg ropar til deg!

2. Lat mi bøn gjelda ¬som røykjelse for deg, mine opplyfte hender ¬som offer om kvelden.

3. Herre, set vakt for min munn, vakta mine lippers dør!

4. Lat meg ikkje få lyst ¬til noko vondt, til å gjera gudlause gjerningar saman med ugjerningsmenn! Deira beste mat ¬vil eg ikkje smaka.

5. Ein rettferdig mann ¬kan slå meg, han tuktar meg i kjærleik. Men gudlause skal aldri få salva mitt hovud. Alltid set eg mi bøn opp mot deira vondskap.

6. Deira hovdingar skal støytast ¬nedetter berget, og dei skal få merka ¬at mine ord var gode.

7. Som når ein pløyer ¬og velter opp jord, skal beina deira strøyast ut ved inngangen til dødsriket.

8. Ja, Herre, ¬mine augo er vende mot deg, eg flyr til deg. Lat ikkje livet mitt spillast!

9. Hald meg borte frå snara ¬dei set for meg, frå fellene åt ugjerningsmenn!

10. Lat dei gudlause falla ¬i sine eigne garn, medan eg går uskadd framom.

»