Logo
🔍

Salmenes bok 142 N78NN

« Akta på mitt klagerop!

1. Ein læresalme av David, då han var i hola. Ei bøn.

2. Eg ropar høgt til Herren og bed han audmjukt om nåde.

3. Eg renner ut mi klage for han, legg fram for han mi naud.

4. Når mi ånd er kraftlaus, veit du korleis ¬det står til med meg. På vegen der eg ferdast, legg dei løynde snarer for meg.

5. Eg ser til høgre og speidar, men ingen kjennest ved meg. Det finst ikkje utveg meir, ingen bryr seg om meg.

6. Eg ropar til deg, Herre, og seier: Du er mi livd, min lut i landet åt dei levande.

7. Akta på mitt klagerop, for eg er liten og hjelpelaus! Fri meg frå dei ¬som forfylgjer meg, dei har vorte meg for sterke.

8. Før meg ut or fengslet, så eg kan prisa ditt namn! Dei rettferdige ventar på at du skal gjera vel imot meg.

»