Salmenes bok 145 N11NN
1. Ein lovsong av David. Alef א Eg vil opphøgja deg, min Gud og konge, og velsigna namnet ditt til evig tid. Bet ב
2. Eg vil velsigna deg kvar dag og lovsyngja namnet ditt til evig tid. Gimel ג
3. Stor er Herren og verdig lov og pris, stordomen hans kan ingen granska. Dalet ד
4. Slekt etter slekt prisar dine gjerningar og fortel om dine storverk. He ה
5. Eg grundar på din høge herlegdom og di ære og på dine underfulle ord. Waw ו
6. Dei talar om dine sterke og skremmande gjerningar, eg fortel om dine storverk. Zajin ז
7. Dei lèt gjetordet gå om alt det gode du gjer, og jublar over di rettferd. Het ח
8. Herren er nådig og mild, sein til vreide og rik på miskunn. Tet ט
9. Herren er god mot alle, mild mot alt han har skapt. Jod י
10. Alle dine skapningar prisar deg, Herre, dine trugne velsignar deg. Kaf כ
11. Dei fortel om di herlege kongsmakt og talar om ditt velde. Lamed ל
12. Dei lèt menneske læra å kjenna ditt velde, di strålande kongsmakt. Mem מ
13. Du er konge gjennom alle tider, du herskar frå slekt til slekt. Nun נ {{Herren er påliteleg i alt han seier, trufast i alt han gjer.}} Samek ס
14. Herren støttar alle som fell, og reiser alle nedbøygde opp. Ajin ע
15. Alle auge ventar på deg, og du gjev dei mat i rett tid. Pe פ
16. Du opnar di hand og mettar alt levande med det gode. Tsade צ
17. Herren er rettferdig på alle sine vegar, trufast i alt han gjer. Qof ק
18. Herren er nær alle som kallar på han, alle som kallar på han i sanning. Resj ר
19. Til dei som fryktar han, gjev han det dei ønskjer, han høyrer deira rop og frelser dei. Sjin ש
20. Herren vaktar alle som elskar han, men utryddar alle lovlause. Taw ת
21. Min munn skal lovprisa Herren, alt som lever, skal velsigna hans heilage namn til evig tid.