Logo
🔍

Salmenes bok 145 N78NN

« Eg vil lovsyngja deg, min Gud og konge

1. Ein lovsong av David. Eg vil lovsyngja deg, ¬min Gud og konge, og velsigna ditt namn ¬til evig tid.

2. Eg vil lova deg ¬kvar einaste dag og prisa ditt namn til evig tid.

3. Stor er Herren, ¬ja, høglova er han, uransakeleg er hans stordom.

4. Ætt etter ætt ¬skal prisa di gjerning, fortelja om dei storverk ¬du gjer.

5. Dei talar om din herlegdom ¬og høge majestet, eg grundar på dine under.

6. Dei talar om ¬dine mektige gjerningar, eg fortel om dine storverk.

7. Dei kallar fram minnet ¬om all din godleik og syng med fagnad ¬om di rettferd.

8. Nådig og mild er Herren, langmodig og rik på miskunn.

9. Herren er god mot alle, miskunnsam mot alle ¬sine skapningar.

10. Heile din skapning takkar deg, ¬Herre, dei som held di pakt, ¬prisar deg.

11. Dei talar om ditt herlege ¬kongedøme, fortel om di veldige kraft,

12. så menneska skal få kjenna ¬ditt velde og den strålande herlegdomen ¬i ditt rike.

13. Ditt rike står ¬gjennom alle tider, ditt herrevelde varer ¬frå ætt til ætt.

14. Herren støttar kvar den ¬som fell, og reiser alle nedbøygde opp.

15. Alle vender augo ventande ¬til deg, og du gjev dei mat i rette tid.

16. Du opnar di hand ¬og mettar alt som lever, med det som godt er.

17. Rettferdig er Herren ¬i all si ferd og trufast i alt det han gjer.

18. Herren er nær ¬hjå alle som kallar, hjå alle som ærleg kallar på han.

19. Han gjer det dei ynskjer, dei som har age for han, han høyrer deira rop ¬og frelser dei.

20. Herren vernar alle ¬som elskar han, men dei gudlause ¬rydjar han ut.

21. Eg vil lovsyngja Herren; til evig tid skal alt som lever, lova hans heilage namn.

»