Logo
🔍

Salmenes bok 146 N78NN

« Herren tek seg av dei hjelpelause

1. Halleluja! Lovsyng Herren, mi sjel!

2. Eg vil lova Herren ¬så lenge eg lever, og syngja for min Gud ¬så lenge eg er til.

3. Set ikkje lit til stormenn, til menneske, ¬som ikkje kan hjelpa.

4. Når dei andast, ¬vert dei atter til jord, då er det ute med deira planar.

5. Sæl er den som har Jakobs Gud til hjelpar, og set si von til Herren ¬sin Gud,

6. han som skapte himmelen ¬og jorda, havet og alt som i dei er. Herren er trufast til evig tid,

7. han hjelper dei trælka ¬til deira rett. Herren gjev mat ¬til dei som svelt, og løyser dei som er bundne.

8. Herren opnar augo på blinde og reiser dei nedbøygde opp. Herren elskar dei rettferdige

9. og tek seg av innflyttarane. Herren held oppe ¬enkjer og farlause, men gjer vegen kroket ¬for dei gudlause.

10. Herren er konge til evig tid, din Gud gjennom alle ætter, ¬Sion. Halleluja!

»