Logo
🔍

Salmenes bok 148 N78NN

« Lovsyng Herren, himmel og jord!

1. Halleluja! Lovsyng Herren frå himmelen, lovsyng han i det høge!

2. Lov han, alle hans englar, lov han, heile hans hær!

3. Lov han, sol og måne, lov han, kvar lysande stjerne!

4. Lov han, du høge himmel, du vatn oppover himmelen!

5. Dei skal lova Herrens namn, for dei vart skapte ¬då han baud.

6. Han lét dei få sin stad ¬for alltid og gav ei lov dei ikkje bryt.

7. Lovsyng Herren frå jorda, de store sjødyr og alle havdjup,

8. eld og hagl, snø og skodd, du storm som set hans ord ¬i verk!

9. De fjell og alle haugar, frukttre og alle sedrar,

10. de ville dyr og alle slag fe, krypdyr og flygande fuglar!

11. De kongar på jord og alle folk, stormenn og styresmenn ¬i verda,

12. de unge menn og kvinner, gamle folk og gutar!

13. Dei skal lova Herrens namn, for berre hans namn ¬er opphøgt; hans herlegdom er utbreidd over himmel og jord.

14. Stor kraft har han gjeve ¬sitt folk. Difor får han lovsong ¬frå alle sine trugne, frå Israel, det folket ¬som får vera han nær. Halleluja!

»