Logo
🔍

Salmenes bok 150 N11NN

«

1. Halleluja! Lovsyng Gud i hans heilagdom! Lov han i hans mektige himmelkvelv.

2. Lov han for hans storverk. Lov han for hans store velde.

3. Lov han med gjallande horn. Lov han med harpe og lyre.

4. Lov han med trommer og dans. Lov han med strengespel og fløyte.

5. Lov han til tonande symbalar. Lov han med ljomande symbalar!

6. Alt som har ande, skal lova Herren. Halleluja!