Logo
🔍

Salmenes bok 16 N78NN

« I Guds varetekt

1. Ein miktam. Av David. Verna meg, Gud, ¬for eg flyr til deg.

2. Eg seier til Herren: «Du er min herre, du er mitt einaste gode.»

3. Eg held meg til dei heilage ¬i landet; høgt set eg dei gjæve menn.

4. Mange plager må dei tola, dei som spring ¬etter andre gudar. Eg vil ikkje ¬renna ut blodoffer for dei og ikkje ta ¬deira namn i min munn.

5. Herre, du er min del ¬og mitt staup, det er du som fastset min lut.

6. Eg fekk min del på fager grunn, ja, ein herleg arv vart min.

7. Eg prisar Herren, ¬som gjev meg råd; jamvel om natta ¬får eg rettleiing i mitt indre.

8. Alltid har eg Herren for auga; han er ved mi høgre side, eg skal ikkje rikkast.

9. Difor er det glede i mitt hjarta og jubel i mi sjel; ja, jamvel lekamen ¬kan vera trygg.

10. Du gjev meg ikkje ¬over til dødsriket, du lèt ikkje din trufaste tenar ¬gå til grunne.

11. Du lærer meg livsens veg. Det er fullt av glede ¬for ditt åsyn, ein evig fagnad ¬ved di høgre hand.

»