Logo
🔍

Salmenes bok 17 N78NN

« Vakta meg som din augnestein!

1. Ei bøn. Av David. Lyd etter, Herre, ¬du rettferdige Gud, høyr mitt rop og merk mi bøn frå lipper som er utan svik.

2. Lat meg frikjennast ¬ved din dom! Dine augo ser då ¬kva som er rett.

3. Om du prøver mitt hjarta og granskar det om natta, ja, om du prøver meg med eld, finn du ikkje noko skamleg ¬hjå meg. Eg synda ikkje med min munn,

4. så som mange menneske gjer. Etter det ordet du har tala, heldt eg meg borte ¬frå røvarstigar.

5. Eg fylgde i dine fotefar og gjekk med faste steg.

6. Eg ropar til deg, ¬for du svarar meg, Gud. Vend øyra til meg ¬og høyr mine ord!

7. Syn din godleik ¬i underfull gjerning! Du frelser dei ¬som flyr frå fiendar og søkjer livd ¬ved di høgre hand.

8. Vakta meg som din augnestein, gøym meg i skuggen ¬av dine venger

9. for dei gudlause ¬som går imot meg, for dødsfiendar ¬som omringar meg.

10. Dei har late att sitt harde hjarta og teke hovmodige ord ¬i sin munn.

11. No er dei ikring meg ¬kvar eg går, dei siktar på å slå meg til jorda.

12. Dei liknar ei rovgrisk løve, ei ungløve som ligg på lur.

13. Reis deg, Herre! Gå imot fienden ¬og tving han i kne! Fri meg frå nidingen ¬med ditt sverd!

14. Fri meg, Herre, med di hand frå menneske i denne verda som alt har fått si løn. Fyll dei med det du har etla dei, så sønene deira vert mette og lèt resten gå til sine born.

15. Men eg skal i rettferd ¬få sjå ditt andlet; når eg vaknar, skal eg sjå din skapnad ¬og mettast.

»