Logo
🔍

Salmenes bok 19 N78NN

« Guds sol og Guds lov

1. Til korleiaren. Ein Davids-salme.

2. Himmelen forkynner ¬Guds herlegdom, kvelven fortel ¬kva hans hender har gjort.

3. Den eine dagen ber bod ¬til den andre, ei natt gjev sin kunnskap ¬til den neste.

4. Det er ikkje tale, ¬det er ikkje ord, og inga røyst som kan høyrast.

5. Men bodskapen går ¬over heile jorda og vitnemålet til ¬heimsens ende. Der har han reist ¬eit telt for sola.

6. Ho går som ein brudgom ¬ut or sitt rom, glad som ein helt ¬legg ho ut på si ferd.

7. Frå den eine himmelranda ¬går ho ut og gjer sin rundgang ¬til den andre; ingen ting er løynd ¬for hennar hete. *

8. Herrens lov er fullkomen, ho gjev sjela nye krefter. Herrens lovbod er å lita på, det gjer den urøynde vis.

9. Herrens føresegner er rette, dei gjev glede i hjarta. Herrens bodord er reint, det får augo til å stråla.

10. Agen for Herren er rein, han varer til evig tid. Herrens domar er sanne, rettferdige er dei alle.

11. Dei er kostelegare enn gull, enn fint gull i mengd, og søtare enn honning som dryp frå vokskakene.

12. Ja, din tenar tek imot den rettleiing boda gjev; å halda dei gjev stor løn.

13. Men kven merkar ¬kor tidt han fer vilt? Tilgjev meg dei synder ¬eg ikkje veit om!

14. Ja, hald din tenar ¬frå skamlege synder; lat dei ikkje få makt over meg! Då kan eg vera heil i mi ferd, frikjend for store misgjerningar.

15. Ta vel imot dei ord eg talar, lat mitt hjartans tankar ¬koma fram for deg, Herre, mitt berg ¬og min utløysar!

»