Salmenes bok 2 N78NN
1. Kvifor ståkar folkeslaga, kvifor legg folka ¬gagnlause planar?
2. Kongane på jorda reiser seg, fyrstane legg råd i lag mot Herren ¬og den han har salva:
3. «Lat oss slita sund deira lekkjer og kasta deira reip av oss!»
4. Han som tronar i himmelen, ler, Herren spottar dei.
5. Så talar han til dei i sin vreide, med brennande harme ¬skræmer han dei:
6. «Det er eg ¬som har sett inn min konge på Sion, mitt heilage fjell.»
7. Eg vil kunngjera ¬det Herren har fastsett. Han sa til meg: «Du er son min, eg har født deg i dag.
8. Bed meg, ¬så gjev eg deg folka til arv og heile jorda til eige.
9. Du skal knusa dei med jernstav og slå dei sund som leirkar.»
10. Og no, de kongar, ¬far visleg fram, ta imot åtvaring, ¬de styrarar på jord!
11. Ten Herren med age og glede,
12. kyss skjelvande ¬jorda for hans føter, så han ikkje skal verta vreid og de gå til grunne på vegen. For lett kan hans vreide ¬kveikjast. ¬Sæle er alle som flyr til han.