Logo
🔍

Salmenes bok 20 N11NN

«

1. Til korleiaren. Ein salme av David.

2. Måtte Herren svara deg den dagen du er i naud! Måtte namnet til Jakobs Gud verna deg.

3. Måtte han senda hjelp frå heilagdomen og gje deg støtte frå Sion.

4. Måtte han minnast alle dine gåver og ta imot ditt brennoffer. Sela

5. Måtte han gje deg det hjartet ditt ønskjer, og oppfylla alle dine planar,

6. så vi kan jubla over di frelse og lyfta banneret i vår Guds namn. Måtte Herren oppfylla alle dine bøner!

7. No veit eg at Herren bergar den han har salva. Han svarar han frå sin heilage himmel, gjer storverk og frelser med si høgre hand.

8. Somme lit på vogner og somme på hestar, vi lit på namnet til Herren vår Gud.

9. Dei sig i kne og fell, men vi reiser oss og held oss rake.

10. Herre, frels! Måtte kongen svara oss den dagen vi ropar.

»