Logo
🔍

Salmenes bok 20 N78NN

« Bøn for kongen

1. Til korleiaren. Ein Davids-salme.

2. Gjev Herren må bønhøyra deg ¬på trengselsdagen, Jakobs Gud verna deg!

3. Gjev han må senda deg hjelp ¬frå heilagdomen og gje deg støtte frå Sion!

4. Gjev han må minnast ¬alle dine offergåver og ta imot ditt brennoffer, Sela

5. gje deg det ditt hjarta ynskjer og la alle dine planar lukkast.

6. Så vil vi jubla over di frelse og lyfta banneret ¬i vår Guds namn. Herren oppfylle alle dine bøner!

7. No veit eg at Herren gjev siger ¬til den han har salva, og svarar han ¬frå sin heilage himmel; med si høgre hand ¬gjer han storverk til frelse.

8. Andre lit på vogner og hestar, men vi prisar namnet ¬åt Herren vår Gud.

9. Dei andre sig i kne og fell, men vi står og held ut.

10. Herre, gjev kongen siger! Svar oss den dagen vi ropar!

»