Logo
🔍

Salmenes bok 21 N78NN

« Signing og lukke for kongen

1. Til korleiaren. Ein Davids-salme.

2. Herre! Kongen gleder seg ¬over di makt. Kor høgt han jublar over di hjelp!

3. Du har gjeve han ¬det hans hjarta ynskjer, og ikkje nekta han ¬det han bed om. Sela

4. Ja, du har møtt han ¬med signing og lukke, sett ei krone av gull ¬på hans hovud.

5. Han bad deg om liv, ¬og du gav han det, levedagar som aldri ¬tek ende.

6. Hans ære er stor, ¬fordi du hjelpte han, høgd og heider ¬har du gjeve han.

7. Du lèt han for alltid ¬verta til signing og fyller han med glede ¬når du er nær.

8. For kongen set si lit til Herren. Han står støtt, ¬for Den Høgste er trufast.

9. Di hand skal finna ¬alle dine fiendar, di høgre skal nå ¬dei som hatar deg.

10. Du lagar eit logande bål av dei så snart du viser deg. Herren tyner dei i sin vreide, elden et dei opp.

11. Du rydjar ut deira born ¬frå jorda, deira etterkomarar ¬frå manneætta.

12. Når dei legg vonde planar ¬mot deg, og tenkjer på svik, skal det ikkje lukkast.

13. For du får dei til å røma når du siktar på dei med bogen.

14. Reis deg, Herre, i ditt velde! Med song og spel ¬vil vi prisa ditt storverk.

»