Logo
🔍

Salmenes bok 22 N78NN

« Min Gud, min Gud, ¬kvifor har du forlate meg?

1. Til korleiaren. Etter «Morgonrodens hind». Ein Davids-salme.

2. Min Gud, min Gud, ¬kvifor har du forlate meg? Kvifor er du så langt borte ¬frå meg? Kvifor hjelper du ikkje når eg klagar mi naud?

3. Eg ropar om dagen, Gud ¬– du svarar meg ikkje, og om natta, ¬men eg finn ikkje ro.

4. Og du er då heilag, du som tronar ¬over Israels lovsongar.

5. Til deg sette fedrane våre si lit, dei leit på deg, og du fria dei ut.

6. Dei ropa til deg og vart berga, dei leit på deg ¬og vart ikkje vonbrotne.

7. Men eg er ein makk ¬og ikkje ein mann, spotta av menneske, ¬vanvørd av folk.

8. Alle som ser meg, ¬held meg for narr, rengjer munnen ¬og rister på hovudet:

9. «Han har lagt si sak ¬i Herrens hand. No får han fria han ut ¬og berga han, han har då mannen kjær!»

10. Ja, du drog meg fram ¬frå mors liv og la meg trygt ¬ved hennar bryst.

11. Frå eg vart fødd, ¬er eg kasta på deg, frå mors liv er du min Gud.

12. Så gå ikkje frå meg, ¬for nauda er nær, og det finst ingen som hjelper.

13. Sterke oksar kringset meg, Basan-stutar flokkar seg ¬rundt meg.

14. Dei spilar opp gapet mot meg som rovgriske, brølande løver.

15. Mi kraft er uttømd liksom vatn, alle mine bein har losna. Mitt hjarta er som voks, det har smelta i mitt bryst.

16. Min strupe er turr ¬som eit krusbrot, og tunga klistrar seg til ganen. Du legg meg i dødens støv.

17. Ja, hundar samlar seg om meg, ein flokk av valdsmenn ¬kringset meg; dei gjennomborar mine hender ¬og føter.

18. Kvart bein i min kropp ¬kan eg telja, folk stirer på meg ¬med skadefryd.

19. Dei skifter kleda mine ¬mellom seg og kastar lodd om kappa mi.

20. Men, Herre, ¬ver ikkje langt ifrå meg, skunda deg og hjelp meg, ¬du min styrke!

21. Berga mitt liv frå sverdet, det beste eg har, frå hundevald!

22. Frels meg frå løvegap og frå villoksehorn! Du bønhøyrer meg.

23. Eg vil forkynna ditt namn ¬for mine brør, midt i lyden vil eg lova deg.

24. «Pris Herren, ¬de som har age for han, gjev han ære, all Jakobs ætt! Ja, skjelv for han, all Israels ætt!

25. For han har ikkje ¬vanvørdt ein stakkar eller vendt seg frå han ¬når han var i naud. Han løynde ikkje sitt åsyn ¬for han, men høyrde han då han ropa.»

26. Frå deg kjem min lovsong i den store lyden. Eg vil halda mine lovnader mellom dei som har age for deg.

27. Dei hjelpelause ¬skal eta seg mette, dei som søkjer Herren, ¬skal prisa han. Gjev hjarta deira alltid må leva!

28. I alle land skal dei ¬minnast dette og venda om til Herren; ja, alle folk og ætter skal bøya seg og tilbe han.

29. For kongeveldet ¬høyrer Herren til, han rår over folkeslaga.

30. Ja, alle dei mektige på jord skal bøya seg og tilbe han; alle som steig ned i molda, skal bøya kne for han. Eg vil leva for Herren,

31. og mi ætt skal tena han og vitna om han ¬for ætter som kjem.

32. Til nye ættleder skal dei fortelja at han greip inn til frelse.

»