Logo
🔍

Salmenes bok 23 N11NN

«

1. Ein salme av David. Herren er min hyrding, eg manglar ikkje noko.

2. Han lèt meg liggja i grøne enger, han fører meg til vatn der eg finn kvile.

3. Han gjev meg nytt liv. Han leier meg på rettferds stigar for sitt namn skuld.

4. Om eg så går i dødsskuggens dal, er eg ikkje redd for noko vondt. For du er med meg. Din kjepp og din stav, dei trøystar meg.

5. Du dukar bord for meg framfor mine fiendar. Du salvar mitt hovud med olje. Mitt beger renn over.

6. Berre godleik og miskunn skal følgja meg alle mine dagar, og eg skal bu i Herrens hus gjennom alle tider.

»