Salmenes bok 23 N78NN
1. Ein Davids-salme. Herren er min hyrding, det vantar meg ingen ting.
2. Han lèt meg liggja ¬i grøne enger; han fører meg til vatn ¬der eg finn kvile,
3. og gjev meg ny kraft. Han leier meg ¬på dei rette stigar for sitt namn skuld.
4. Om eg så går ¬i dødsskuggens dal, ottast eg ikkje for noko vondt. For du er med meg. Din kjepp og din stav, ¬dei trøystar meg.
5. Du dukar bord åt meg framfor augo på mine fiendar. Du salvar mitt hovud med olje; mitt staup fløder over.
6. Berre godleik og miskunn skal fylgja meg alle mine dagar, og eg skal bu i Herrens hus i lange tider.