Logo
🔍

Salmenes bok 24 N78NN

« Gjer døra høg!

1. Ein Davids-salme. Jorda og det som fyller henne, verda og dei som bur der, alt høyrer Herren til.

2. For han har grunnlagt henne ¬på hav, grunnfest henne ¬på strøymande vatn.

3. «Kven kan stiga opp ¬til Herrens fjell, kven får stå ¬på hans heilage stad?»

4. «Den som har skuldfrie hender og eit reint hjarta, den som ikkje fer med svik og ikkje gjer rang eid,

5. han får velsigning frå Herren og rettferd frå Gud, sin frelsar.»

6. «Her er det folk ¬som spør etter Herren, som søkjer ditt åsyn, ¬Jakobs Gud.» Sela

7. «Lyft dykkar hovud, de portar, ja, lyft dykk, de eldgamle dører, så kongen, den herlege, ¬kan dra inn!»

8. «Kven er kongen, den herlege?» «Det er Herren, ¬sterk og mektig, Herren, den sterke i strid.»

9. «Lyft dykkar hovud, de portar, ja, lyft dykk, de eldgamle dører, så kongen, den herlege, ¬kan dra inn!»

10. «Kven er kongen, den herlege?» «Det er Herren, Allhærs Gud. Han er kongen, ¬den herlege.» Sela

»