Logo
🔍

Salmenes bok 25 N11NN

«

1. Av David. Alef א Herre, eg lyfter mi sjel til deg. Bet ב

2. Min Gud, til deg set eg mi lit. Lat meg ikkje bli til skamme, lat ikkje fienden fryda seg over meg! Gimel ג

3. For ingen som set si von til deg, skal bli til skamme, til skamme blir dei trulause, med sine tomme hender. Dalet ד

4. Herre, lat meg kjenna dine vegar. Lær meg dine stigar! He ה

5. Lat meg få vandra i di sanning, lær meg, for du er Gud, min frelsar! Til deg set eg alltid mi von. Zajin ז

6. Herre, kom i hug di miskunn og din kjærleik, som er frå evig tid. Het ח

7. Kom ikkje i hug min ungdoms feilsteg og synder! Kom meg i hug i di miskunn, Herre, for du er god. Tet ט

8. Herren er god og rettvis, difor viser han syndarar vegen. Jod י

9. Han lèt dei hjelpelause ferdast rett og lærer dei sin veg. Kaf כ

10. Alle Herrens stigar er miskunn og truskap mot dei som held hans pakt og hans bod. Lamed ל

11. For ditt namn skuld, Herre, tilgjev mi synd, for ho er stor! Mem מ

12. Kvar den som fryktar Herren, lærer av han den veg han skal velja. Nun נ

13. Sjølv skal han leva i lukke, og ætta hans skal arva landet. Samek ס

14. Herren talar fortruleg med dei som fryktar han, han gjer dei kjende med si pakt. Ajin ע

15. Mine auge er alltid vende mot Herren, for han dreg mine føter ut or garnet. Pe פ

16. Vend deg til meg og ver meg nådig, for eg er einsam og hjelpelaus. Tsade צ

17. Ta bort det som tyngjer mitt hjarte, før meg ut av mine trengsler!

18. Sjå mi naud og mitt strev og tilgjev all mi synd! Resj ר

19. Sjå mine fiendar, kor mange dei er! Dei hatar meg med eit nådelaust hat. Sjin ש

20. Vern mitt liv og berg meg, lat meg ikkje bli til skamme, for eg søkjer tilflukt hos deg. Taw ת

21. Lat uskuld og rettsinn verna meg, for eg set mi von til deg!

22. Gud, fri Israel ut frå alle deira trengsler!

»