Logo
🔍

Salmenes bok 25 N78NN

« Herre, syn meg dine vegar!

1. Av David. Herre, eg lyfter mi sjel til deg,

2. eg set mi lit til deg, min Gud. Lat meg ikkje verta ¬til skammar, lat ikkje mine fiendar ¬triumfera over meg!

3. Ingen som ventar på deg, ¬vert til skammar; til skammar vert berre dei som ber seg trulaust åt ¬– til inga nytte.

4. Herre, syn meg dine vegar, og lær meg dine stigar!

5. Lat meg få ferdast i di sanning; lær meg, Gud, for du er min frelsar! Eg ventar dagen lang på deg.

6. Kom i hug di miskunn, Herre, og dine velgjerningar; for dei er frå evig tid.

7. Kom ikkje i hug ¬min ungdoms synder og mine misgjerningar! Kom meg i hug i din truskap, ¬Herre, for din godhug skuld.

8. God og rettvis er Herren; difor viser han syndarar vegen.

9. Han leier dei arme ¬til det som er rett, og lærer dei hjelpelause sin veg.

10. Alle Herrens stigar ¬er miskunn og truskap mot dei som held hans pakt ¬og hans bod.

11. For ditt namn skuld, Herre, tilgjev mi synd, for ho er stor!

12. Kvar den ¬som har age for Herren, lærer av han ¬den veg han skal velja.

13. Han skal alltid ha det godt, og ætta hans skal arva landet.

14. Herren har fortruleg samfunn med dei som ottast han, i pakta med han ¬får dei rettleiing.

15. Eg vender alltid mine augo ¬mot Herren, for han dreg mine føter ¬ut or garnet.

16. Vend deg til meg ¬og ver meg nådig, for eg er einsam og i naud.

17. Fri meg frå det ¬som tyngjer mitt hjarta, og før meg ut or mine trengsler!

18. Tenk på mi naud og mi møde, og tilgjev alle mine synder!

19. Sjå mine fiendar, ¬kor mange dei er! Dei hatar meg ¬med eit ofseleg hat.

20. Vern mitt liv og fri meg ut, lat meg ikkje verta til skammar; for eg flyr til deg.

21. Lat ærlegdom og rettvise ¬verna meg, Herre; for eg set mi von til deg!

22. Å, Gud, løys Israel ut or alle trengsler!

»