Logo
🔍

Salmenes bok 26 N78NN

« Prøv meg, Herre!

1. Av David. Herre, hjelp meg ¬til min rett! For eg har vore heil i mi ferd. Eg lit på Herren ¬og er ikkje ustø.

2. Prøv meg, Herre, ¬gransk meg nøye, prøv hjarta og nyrer ¬som med eld!

3. Eg har hatt din truskap for auga og har ferdast i di sanning.

4. Eg sit ikkje saman med svikarar og held ikkje lag ¬med falske folk.

5. Eg hatar samvære ¬med ugjerningsmenn, hjå gudlause sit eg ikkje.

6. Eg vaskar mine hender ¬i uskyld. Eg går ikring ditt altar, Herre,

7. medan eg lèt takkesongen lyda og fortel om alle dine under.

8. Herre, eg elskar huset du bur i, staden der din herlegdom ¬held til.

9. Riv meg ikkje bort ¬med syndarar, så eg misser livet ¬saman med drapsmenn.

10. Deira hender er sulka av udåd, deira høgre hand ¬er full av muter.

11. Men eg har vore heil i mi ferd. Fri meg ut og ver meg nådig!

12. No står eg med foten ¬på jamn grunn. I samlingane vil eg ¬prisa Herren.

»