Logo
🔍

Salmenes bok 27 N78NN

« Herren er mitt ljos og mi frelse

1. Av David. Herren er mitt ljos og mi frelse, kven skulle eg ottast? Herren er eit vern for mitt liv, kven skulle eg skjelva for?

2. Når ugjerningsmenn ¬går laus på meg og vil gløypa meg, då snåvar og fell dei sjølve, fiendane som står meg imot.

3. Om ein hær vil kringsetja meg, finst det ikkje redsle i mi sjel. Går dei til strid imot meg, er eg likevel trygg.

4. Eitt bed eg Herren om, og det stundar eg etter: at eg får bu i Herrens hus alle mine levedagar, så eg kan sjå hans velvilje og grunda i hans tempel.

5. Han gøymer meg i si hytte på den vonde dagen. Han løyner meg ¬i sitt skjermande telt og tek meg opp på berget.

6. No lyfter eg høgt mitt hovud over mine fiendar ¬rundt ikring meg. Med jubel vil eg bera fram takkoffer i Herrens telt og syngja og spela for han. *

7. Høyr meg, Herre, når eg ropar, ver meg nådig og svar meg!

8. Eg kjem i hug at du har sagt: «De skal søkja mitt åsyn.» Herre, eg søkjer ditt åsyn.

9. Løyn ikkje ditt andlet for meg! Vis ikkje din tenar bort i harme, du som har vore mi hjelp. Slepp meg ikkje, ¬og forlat meg ikkje, du Gud som er min frelsar!

10. Om far min og mor mi ¬forlèt meg, vil Herren ta imot meg.

11. Herre, lær meg dine vegar, og før meg på dei rette stigar for mine fiendar skuld!

12. Gjev meg ikkje over ¬til grådige fiendar! Falske vitne står opp imot meg, dei frøser og trugar med vald.

13. Eg trur for visst at eg skal få sjå Herrens godhug her ¬i livsens land.

14. Venta på Herren, ¬ver frimodig og sterk! Ja, venta på Herren!

»