Salmenes bok 28 N11NN
1. Av David. Til deg, Herre, ropar eg. Mitt berg, tei ikkje, vend deg ikkje frå meg! Svarar du meg ikkje, blir eg lik dei som har gått i grav.
2. Høyr mi bøn når eg ropar til deg om hjelp, når eg lyfter hendene mine mot Det høgheilage i ditt tempel.
3. Riv meg ikkje bort med dei skuldige, med dei som gjer urett. Dei talar venleg med sin neste, men har vondskap i hjartet.
4. Gjev dei att for det dei har gjort, for deira vonde handlingar! Gjev dei att for det hendene deira har gjort! Lat dei få det dei fortener!
5. For dei kjenner ikkje Herrens gjerningar, det han gjer med sine hender. Han skal riva dei ned og ikkje byggja dei opp att!
6. Velsigna er Herren, for han høyrer mi bøn!
7. Herren er mitt vern og mitt skjold, mitt hjarte sette si lit til han, og eg fekk hjelp. Hjartet jubla, med song vil eg prisa han.
8. Herren er eit vern for sitt folk, ei tilflukt som bergar den han har salva.
9. Frels ditt folk og velsigna din eigedom! Ver du deira hyrding og ber dei alltid!