Logo
🔍

Salmenes bok 28 N78NN

« Klagerop og takk

1. Av David. Herre, eg ropar til deg, ¬mitt berg. Vend deg ikkje tagal frå meg! Svarar du meg ikkje, vert eg lik dei ¬som har gått i grav.

2. Høyr mi inderlege bøn, når eg ropar til deg om hjelp, når eg lyfter mine hender mot Det høgheilage ¬i ditt tempel.

3. Riv meg ikkje bort ¬med dei gudlause, saman med dei som gjer urett. Dei talar venleg med sin neste, men hjarta deira ¬er fullt av vondskap.

4. Gjev dei att ¬for det dei har gjort, for deira vonde framferd! Gjev dei lika for deira udåd, lat dei få att for si gjerning!

5. For dei aktar ikkje ¬på Herrens verk, på det han gjer ¬med sine hender. Gjev han må riva dei ned og ikkje byggja dei opp att!

6. Lova vere Herren, for han har høyrt ¬mi inderlege bøn!

7. Herren er mitt vern ¬og mitt skjold, eg set mi lit til han. Eg fekk hjelp, ¬og mitt hjarta jublar; eg takkar han med min song.

8. Herren er styrke for sitt folk, vern og frelse ¬for den han har salva.

9. Frels ditt folk ¬og velsigna din eigedom! Ver du deira hyrding og ber dei til evig tid!

»