Logo
🔍

Salmenes bok 29 N11NN

«

1. Ein salme av David. Gudesøner, gjev Herren ære! Gjev Herren ære og makt.

2. Gjev Herren den ære hans namn skal ha, bøy dykk for Herren i heilag prakt!

3. Herrens røyst lyder over vatnet, den herlege Gud lèt tora slå, Herren, over veldige vatn.

4. Herrens røyst lyder med velde, Herrens røyst lyder med herlegdom.

5. Herrens røyst knekkjer sedrar, Herren splintrar sedrane på Libanon.

6. Han får Libanon-fjellet og Sirjon-fjellet til å hoppa som kalvar og som ville oksar.

7. Herrens røyst spreier logande eld.

8. Herrens røyst får ørkenen til å skjelva, Herren får Kadesj-ørkenen til å skjelva.

9. Herrens røyst får hindene til å kalva, ho gjer skogane snaue. Alt i hans tempel ropar: «Ære!»

10. Herren tronar over himmelhavet, Herren skal trona som konge for alltid.

11. Herren gjev folket sitt kraft, Herren velsignar folket sitt med fred.

»