Logo
🔍

Salmenes bok 29 N78NN

« Herrens røyst

1. Ein Davids-salme. Gjev Herren ære, de gudesøner, gjev Herren ære og makt!

2. Gjev Herren den ære ¬hans namn skal ha; bøy dykk for Herren ¬i heilagt skrud!

3. Herrens røyst lyder over vatnet, den herlege Gud lèt tora slå, Herren over det veldige havet.

4. Herrens røyst lyder med velde, Herrens røyst med herlegdom.

5. Herrens røyst knekkjer sedrar, Herren knuser sedrane ¬på Libanon.

6. Han får Libanon ¬til å hoppa som ein kalv og Sirjon-fjellet ¬som ein villokse.

7. Herrens røyst ¬spreier logande eld;

8. hans røyst ¬får øydemarka til å skjelva, han får Kadesj-øydemarka ¬til å skjelva.

9. Herrens røyst ¬får hindene til å kalva, ho gjer skogane snaue. Alt i hans tempel ropar: «Ære!»

10. Herren tronar ¬over himmelhavet, han tronar ¬som konge til evig tid.

11. Herren gjev folket sitt kraft, han signar det ¬med lukke og fred.

»