Logo
🔍

Salmenes bok 3 N78NN

« Herren held meg oppe

1. Ein salme av David, då han rømde for Absalom, son sin.

2. Herre, kor talrike ¬mine fiendar er! Mange er dei som reiser seg ¬mot meg.

3. Mange er dei som seier om meg: «Det er ikkje frelse for han ¬hjå Gud.» Sela

4. Men du er eit skjold for meg, ¬Herre, du er mi ære, ¬du lyfter mitt hovud.

5. Då eg ropa høgt til Herren, svara han meg ¬frå sitt heilage fjell. Sela

6. Eg la meg ned og sovna – og vakna, ¬for Herren held meg oppe.

7. Eg er ikkje redd ¬om ti tusen mann fylkar seg mot meg ¬på alle kantar.

8. Reis deg, Herre! ¬Frels meg, min Gud! For du slår ¬alle mine fiendar på kinnet og knuser tennene ¬på dei vonde.

9. Hjå Herren er det frelse. Lat di signing ¬kvila over ditt folk! Sela

»