Logo
🔍

Salmenes bok 30 N78NN

« Guds nåde varer livet ut

1. Ein salme. Ein song til tempelvigsla. Av David.

2. Eg lovar og prisar deg, Herre; for du drog meg opp or djupet, du lét ikkje mine fiendar ¬triumfera over meg.

3. Herre, min Gud, eg ropa til deg, og du lækte meg.

4. Herre, frå dødsriket ¬førte du meg opp, du gav meg liv ¬og berga meg frå grava.

5. Spel for Herren, de hans trugne, og lovsyng hans heilage namn!

6. Ein augneblink ¬varer hans vreide, hans nåde varer livet ut. Om kvelden kjem gråt ¬som gjest, om morgonen er det gledesong.

7. Eg kjende meg trygg og tenkte: «Aldri i æve skal eg rikkast!»

8. Herre, i din nåde sette du meg på fast fjell; men så løynde du ditt åsyn, og eg vart gripen av redsle.

9. Då ropa eg til deg, Herre, inderleg bad eg til min Gud:

10. «Kva gagnar det at eg må døy, at eg må gå i grav? Kan vel støvet prisa deg, kan det forkynna din truskap?

11. Høyr meg, Herre, ¬og ver meg nådig! Herre, kom meg til hjelp!

12. Du vende mi sorg ¬og mi klage til dans; du løyste min syrgjebunad og lét meg bera gledeskrud.

13. Difor vil eg av heile mi sjel syngja om deg og aldri teia. Eg takkar deg evig, ¬Herre, min Gud.

»