Logo
🔍

Salmenes bok 32 N11NN

«

1. Av David. Ein læresalme. Sæl er den som får sine brot tilgjevne og sine synder tildekte!

2. Sælt er det mennesket som Herren ikkje tilreknar skuld, som i si ånd er utan svik.

3. Så lenge eg tagde, tærtest beina i kroppen bort medan eg stønna heile dagen.

4. For dag og natt låg di hand tungt på meg. Mi livssaft svann som i heten om sommaren. Sela

5. Då sanna eg mi synd for deg, og mi skuld dekte eg ikkje over. Eg sa: «Eg vil sanna mine brot for Herren.» Og du tok bort mi syndeskuld. Sela

6. Difor skal alle trugne be til deg i tider med trengsle. Om det kjem ein veldig flaum, skal vatnet ikkje nå dei.

7. Du skjermar meg, du vernar meg mot naud, med frelsejubel omgjev du meg. Sela

8. Eg vil gjera deg vis og læra deg den vegen du skal gå, eg vil la mitt auge kvila på deg og gje deg råd.

9. Ver ikkje lik hest og muldyr, utan vit! Deira prydnad er taum og beksel til å tvinga dei med, elles kjem dei ikkje til deg.

10. Den urettferdige har mange plager, men den som set si lit til Herren, kransar han med miskunn.

11. Gled dykk i Herren og jubla, de rettferdige! Bryt ut i fagnadrop, alle de ærlege av hjartet!

»