Logo
🔍

Salmenes bok 32 N78NN

« Sæl er den som får ¬si misgjerning tilgjeven

1. Av David. Ein læresalme. Sæl er den som får si misgjerning tilgjeven og si synd tildekt!

2. Sælt er det menneske som Herren ikkje ¬tilreknar skuld, og som er utan svik i si ånd.

3. Så lenge eg tagde, ¬tærtest eg bort, eg stunde heile dagen.

4. For dag og natt låg di hand tungt på meg. Mi livskraft kvarv som i sommarens hete. Sela

5. Då sanna eg mi synd for deg og dulde ikkje mi skuld. Eg sa: «Eg vil sanna mine synder for Herren.» Og du tok bort ¬mi syndeskuld. Sela

6. Difor skal alle trugne be til deg i trengselstider. Om det kjem ein veldig flaum, skal vatnet ikkje nå dei.

7. Hjå deg finn eg livd, du vernar meg mot trengsle og lèt frelsesjubel ¬lyda ikring meg. Sela

8. Eg vil læra deg og visa deg den vegen du skal gå. Eg vil la mitt auga kvila på deg og gje deg råd.

9. Ver ikkje lik hest og muldyr, som ikkje har vit! I sin villskap må dei tvingast ¬med taum og beisel, elles kjem dei ikkje til deg.

10. Den gudlause har mange plager; men den som set si lit ¬til Herren, kransar han med miskunn.

11. Gled dykk i Herren! Bryt ut i jubel, de rettferdige! Ja, rop av fagnad, alle de ærlege!

»