Logo
🔍

Salmenes bok 34 N11NN

«

1. Av David, då han bar seg som galen hos Abimelek, så han vart jaga bort og gjekk sin veg. Alef א

2. Eg vil velsigna Herren til alle tider, alltid lovsyngja han med min munn. Bet ב

3. Eg er stolt over Herren, lat dei hjelpelause høyra det og vera glade. Gimel ג

4. Pris Herren saman med meg, lat oss æra hans namn! Dalet ד

5. Eg søkte Herren, og han svara meg, frå alt som skremde, berga han meg. He ה

6. Vend blikket mot han og strål av glede, så skal de aldri raudna av skam! Zajin ז

7. Den hjelpelause ropa, og Herren høyrde, han frelste han frå alle trengsler. Het ח

8. Herrens engel slår leir rundt dei som ottast han. Han friar dei ut. Tet ט

9. Smak og sjå at Herren er god! Sæl er den som søkjer tilflukt hos han. Jod י

10. Frykt Herren, de hans heilage! Dei som ottast han, lid inga naud. Kaf כ

11. Unge løver lid naud og svelt; men dei som søkjer Herren, manglar aldri det som godt er. Lamed ל

12. Kom hit, born, høyr på meg! Eg vil læra dykk frykt for Herren. Mem מ

13. Er du ein som har glede av livet, som elskar å sjå gode dagar? Nun נ

14. Hald då tunga borte frå det som er vondt, og leppene borte frå svikefull tale. Samek ס

15. Vend deg bort frå det vonde og gjer det gode. Søk fred og jag etter han! Ajin ע

16. Herrens auge følgjer dei rettferdige, hans øyre høyrer deira rop. Pe פ

17. Herrens andlet er vendt mot dei som gjer det vonde, han skal utrydda minnet om dei frå jorda. Tsade צ

18. Dei rettferdige ropar, og Herren høyrer, han bergar dei ut or alle trengsler. Qof ק

19. Herren er nær hos dei som har eit sundbrote hjarte, han frelser dei som har ei knust ånd. Resj ר

20. Mange ulukker rammar den rettferdige, men Herren friar han ut av dei alle. Sjin ש

21. Han tek vare på kvart bein i hans kropp, ikkje eitt av dei skal brytast. Taw ת

22. Ulukke drep den lovlause, dei som hatar den rettferdige, blir straffa.

23. Men Herren bergar livet til sine tenarar, ingen som søkjer tilflukt hos han, blir straffa.

»