Logo
🔍

Salmenes bok 34 N78NN

« Smak og sjå at Herren er god!

1. Av David, då han var hjå Abimelek og bar seg som galen, så han vart jaga bort og slapp unna.

2. Støtt vil eg prisa Herren, stendig vil eg lovsyngja han.

3. Eg rosar meg av Herren, dei hjelpelause gleder seg ¬når dei høyrer det.

4. Lat oss saman lova Herren og prisa hans store namn!

5. Eg søkte Herren, ¬og han svara meg, frå alt som skræmde, ¬berga han meg.

6. Sjå opp til han, og strål av glede, så skal de aldri raudna av skam!

7. Ein stakkar ropa, ¬og Herren gav svar, han frelste han ¬frå alle trengsler.

8. Herrens engel slår leir til vern for dei ¬som har age for Herren, og friar dei ut or fare.

9. Smak og sjå at Herren er god! Sæl er den som flyr til han.

10. Ottast Herren, ¬de hans heilage folk! Dei som ottast han, ¬lid inga naud.

11. Unge løver må svelta ¬og lida sakn; men dei som søkjer Herren, vantar det aldri noko godt. *

12. Kom hit og høyr på meg, ¬de born! Age for Herren ¬vil eg læra dykk.

13. Er det nokon som elskar livet, som ynskjer seg ¬dagar med lukke?

14. Så hald di tunge ¬frå lygn og slarv og lippene frå svikefull tale!

15. Sky det vonde, og gjer det gode! Søk fred, og jag etter han!

16. Herrens augo ¬fylgjer dei rettferdige, han vender øyra til deira rop.

17. Men Herren vender seg ¬mot dei som gjer vondt, han vil rydja ut minnet om dei ¬frå jorda.

18. Når dei rettvise ropar, ¬høyrer Herren, han bergar dei ¬ut or alle trengsler.

19. Herren er nær hjå dei ¬som har eit sundbrote hjarta, og han frelser dei ¬som har ei knust ånd.

20. Mykje vondt ¬må den rettferdige lida, men Herren friar han ut or alt.

21. Han tek vare på ¬kvart bein i hans kropp, så ikkje eitt av dei vert brote.

22. I ulukke misser ¬den gudlause livet, dei som hatar den rettferdige, ¬må bøta.

23. Men Herren bergar ¬livet åt dei som tener han; ingen som tyr til han, ¬lid straff.

»