Logo
🔍

Salmenes bok 36 N78NN

« Hjå deg er livsens kjelde

1. Til korleiaren. Av David, Herrens tenar.

2. Synda kviskrar sine ord til den gudlause, ¬djupt i hans hjarta. Age for Gud veit han ikkje av.

3. Når han ser på seg sjølv, ¬vert han smigra; han finn inga synd å hata.

4. Dei ord han talar, ¬er lygn og svik. Han har halde opp ¬med å gjera godt og bera seg visleg åt.

5. Han ligg og tenkjer ut ¬vondskap. Han slår inn på ein veg ¬som ikkje er god, og viser ikkje det vonde frå seg.

6. Herre, til himmelen ¬når di miskunn, til skyene rekk din truskap.

7. Di rettferd er som mektige fjell, som det store havdjup ¬er dine domar. Du bergar menneske og dyr.

8. Herre, kor dyrverdig ¬di miskunn er! I skuggen av dine venger, Gud, søkjer menneskeborna livd.

9. Dei får eta seg mette ¬av det beste i ditt hus, du lèt dei drikka ¬or gledebekken din.

10. For hjå deg er livsens kjelde, i ditt ljos ser vi ljos.

11. Lat di miskunn vara for dei som kjenner deg, og di rettferd ¬for dei ærlege av hjarta.

12. Lat ikkje dei stolte trø meg ned, dei gudlause jaga meg bort!

13. Så skal ugjerningsmennene ¬falla; dei skal støytast ned og ikkje reisa seg meir.

»