Logo
🔍

Salmenes bok 37 N78NN

« Legg din veg i Herrens hand!

1. Av David. Harmast ikkje på dei ¬som gjer vondt, misunn ikkje dei som gjer urett!

2. For dei visnar ¬så snart som graset og turkar bort som grøne groen.

3. Lit på Herren og gjer det gode, så skal du få bu i landet. Legg vinn på truskap!

4. Ha di lyst og glede i Herren, så skal han gje deg ¬det hjarta ditt ynskjer!

5. Legg din veg i Herrens hand, lit på han, så skal han gripa inn.

6. Han skal la di rettferd ¬bryta fram som ljoset, din rett skal verta ¬som høgljos dag.

7. Ver still for Herren ¬og venta på han! Lat ikkje harmen loga mot den som har lukka ¬med seg, mot den som set vonde planar ¬i verk!

8. Gjev vreiden opp, ¬lat harmen fara! Lat ikkje harmen loga – det fører berre ulukke ¬med seg.

9. For dei som gjer vondt, ¬skal rydjast ut, men dei som ventar på Herren, ¬skal arva landet.

10. Om ei lita stund ¬er den gudlause borte; ser du etter på hans stad, ¬så er han der ikkje.

11. Men dei tolsame ¬skal arva landet og gleda seg over lukke og fred.

12. Den gudlause legg vonde planar mot den rettferdige og skjer tenner mot han.

13. Men Herren ler åt han, for han ser at hans dag kjem.

14. Dei vonde dreg sverdet ¬og spenner bogen, dei vil fella den arme og fattige og drepa den ¬som fer ærleg fram.

15. Men sverdet skal råka ¬dei sjølve i hjarta, og bogane skal brytast sund.

16. Det vesle den rettferdige eig, er betre enn ¬den store rikdomen ¬åt dei gudlause.

17. For den makt dei gudlause har, ¬skal brytast, men Herren held ¬dei rettferdige oppe.

18. Herren kjenner dagane ¬åt dei ærlege, deira arv skal vara til evig tid.

19. Dei vert ikkje til skammar ¬i vonde tider, når hungeren herjar, ¬får dei eta seg mette.

20. Men dei gudlause går ¬til grunne. Som blomeskrudet på marka vert Herrens fiendar borte, dei kverv som røyk.

21. Den gudlause låner ¬og gjev ikkje att, den rettferdige ¬er miskunnsam og gjevmild.

22. Dei Herren velsignar, ¬skal arva landet, men dei han forbannar, ¬skal rydjast ut.

23. Herren gjer mannens steg faste når han likar hans ferd.

24. Om han snåvar, ¬fell han ikkje til jorda; for Herren stør hans hand.

25. Ung har eg vore, ¬og no er eg gamal, men aldri har eg sett ¬ein rettferdig forlaten eller hans born be om brød.

26. Han er alltid miskunnsam ¬og låner ut, og hans etterkomarar ¬vert til velsigning.

27. Hald deg frå det vonde ¬og gjer det gode, så skal du for alltid bu trygt.

28. For Herren elskar ¬det som er rett, han forlèt ikkje sine trugne. Dei vert haldne oppe ¬til evig tid, men ætta åt dei gudlause ¬vert utrudd.

29. Dei rettferdige skal arva landet og alltid få bu i det.

30. Den rettferdige talar visdom, rett er det ¬som kjem frå hans munn.

31. Han har Guds lov i sitt hjarta, og hans steg er alltid støe.

32. Den gudlause lurer ¬på den rettferdige og prøver å ta hans liv.

33. Men Herren gjev han ikkje ¬i hans hand og lèt han ikkje dømast skuldig.

34. Venta på Herren ¬og fylg hans veg! Så lyfter han deg opp, ¬og du arvar landet; du får sjå ¬at dei vonde vert utrudde.

35. Eingong såg eg ¬ein gudlaus tyrann; han briska seg ¬som ein frodig seder.

36. Då eg sidan kom framom, ¬var han borte; eg leita, men fann han ikkje.

37. Gjev akt på den ¬som er heil i si ferd, og sjå på den som er ærleg! Det er framtid ¬for fredsæl mann.

38. Men alle brotsmenn ¬går til grunne, dei gudlause har inga framtid.

39. Dei rettferdige får si frelse ¬frå Herren, han er deira vern ¬i trengselstider.

40. Herren hjelper og bergar dei, friar og frelser dei ¬frå dei vonde; for dei flyr til han.

»