Logo
🔍

Salmenes bok 38 N78NN

« Bøn i sjukdom og naud

1. Ein Davids-salme. Til påminning.

2. Herre, refs meg ikkje ¬i din vreide, og tukt meg ikkje i din harme!

3. For dine piler har råka meg, di hand ligg tungt på meg.

4. Fordi du straffar i din harme, er ingenting friskt i min kropp; mine lemer er sjuke ¬fordi eg har synda.

5. Mi syndeskuld stig meg ¬over hovudet, ho er som ei bør, ¬for tung for meg.

6. Eg har sår som luktar ¬og renn av verk, fordi eg var så uvitug.

7. Eg er kroket, ja, heilt nedbøygd, og går og syrgjer dagen lang.

8. Mine hofter er fulle av verk, ingenting er friskt i min kropp.

9. Eg er heilt kraftlaus og knekt; eg skrik fordi mitt sinn ¬er i opprør.

10. Herre, du ser ¬kva eg lengtar etter, mitt sukk er ikkje løynt for deg.

11. Mitt hjarta hamrar, ¬krafta sviktar, jamvel ljoset i augo er borte.

12. Mine vener og frendar snur seg bort frå mi plage, mine næraste held seg ¬langt unna.

13. Dei som står meg etter livet, set snarer for meg; dei som vil meg vondt, talar om å tyna meg og tenkjer dagen lang på svik.

14. Men eg er som ein døv, ¬eg høyrer ikkje, lik ein mållaus ¬som ikkje opnar sin munn.

15. Eg liknar ein mann ¬som ikkje høyrer og ikkje har svar i sin munn.

16. Herre, til deg står mi von. Du vil svara meg, ¬Herre, min Gud.

17. Eg tenkjer: Lat dei ikkje ¬triumfera over meg, og ikkje briska seg ¬når foten min er ustø.

18. For eg held på å falla, mi plage står alltid for meg.

19. Men eg sannar mi misgjerning og syrgjer over mi synd.

20. Mine fiendar er fulle ¬av liv og kraft; mange er dei ¬som hatar meg utan grunn.

21. Dei som løner godt med vondt, ¬står meg imot, fordi eg jagar etter det gode.

22. Forlat meg ikkje, Herre! Min Gud, ¬ver ikkje langt borte frå meg!

23. Skunda deg og hjelp meg, Herre, du som er min frelsar!

»