Logo
🔍

Salmenes bok 39 N78NN

« Lær meg å kjenna ¬mine tilmælte dagar!

1. Til korleiaren. For Jedutun. Ein Davids-salme.

2. Eg tenkte: «Eg vil ta meg i vare, så eg ikkje syndar med tunga, eg vil tøyma min munn så lenge dei gudlause ser meg.»

3. Så vart eg mållaus og still, eg tagde ¬og hadde det ikkje godt. Mi liding var hard,

4. eg vart heit om hjarta; eg stunde, og det brann som eld. Då tok eg til ords og sa:

5. «Lær meg, Herre, ¬å kjenna min utgang, mine tilmælte dagar, ¬kor få dei er, så eg kan skjøna ¬kor forgjengeleg eg er.»

6. Sjå, dei dagar du gjev meg, er få, mi levetid er ingen ting for deg. Ja, alle menneske ¬er som ein pust, Sela

7. som ein skugge går dei sin veg. Dei strevar og styn ¬til inga nytte, dei samlar, men veit ikkje ¬kven som får det.

8. Og no, kva skal eg venta på, ¬Herre? Einast til deg står mi von.

9. Så fri meg frå alle mine synder! Gjer meg ikkje til spott ¬for dårar!

10. Eg teier ¬og lèt ikkje opp min munn, for det er du ¬som har laga det så.

11. Ta bort den plaga du la på meg! Eg går til grunne ¬når du slår med di hand.

12. Når du refser og tuktar ¬ein mann for hans synd, då øydelegg du hans stas, som når mòlen et opp tyet. Ja, alle menneske ¬er som ein pust. Sela

13. Høyr mi bøn, Herre, ¬lyd på mitt rop, og tei ikkje når eg græt! For eg er ein gjest hjå deg, ein framand ¬som alle mine fedrar.

14. Sjå bort ifrå meg, ¬så lyser eg opp, før eg fer min veg ¬og ikkje er meir.

»