Logo
🔍

Salmenes bok 4 N78NN

« Kveldssong

1. Til korleiaren. Med strengespel. Ein Davids-salme.

2. Når eg ropar, så svar meg, du Gud som er mi rettferd. I nauda fann du utveg for meg. Ver meg nådig, og høyr mi bøn!

3. De menneske, kor lenge skal mi ære krenkjast? Kor lenge vil de elska fåfengd og jaga etter lygn og svik? Sela

4. Vit at Herren gjer under for den som er trufast mot han. Herren høyrer ¬når eg ropar til han.

5. Skjelv av redsle ¬og synda ikkje meir, tenk dykk om på lega, ¬og ver stille! Sela

6. Ber fram dei rette offer, og set dykkar lit til Herren!

7. Det er mange som seier: «Gjev vi fekk oppleva lukke! Lat ljoset frå ditt åsyn skina over oss, Herre!»

8. Du gjev meg større glede ¬i hjarta enn dei andre har når dei får korn og vin i mengd.

9. I fred vil eg leggja meg ned ¬og sova. For du, Herre, einast du lèt meg kvila trygt.

»