Logo
🔍

Salmenes bok 41 N78NN

« Du lèt meg stå for ditt åsyn

1. Til korleiaren. Ein Davids-salme.

2. Sæl er den som har omsut for dei hjelpelause; på ulukkedagen ¬friar Herren han ut.

3. Herren vernar han ¬og held han i live, folket i landet ¬prisar han lukkeleg. Du gjev han ikkje over ¬til grådige fiendar.

4. Herren er hans støtte ¬på sjukesenga; du skaper om hans lege ¬når han er sjuk.

5. Eg seier: «Herre, ¬ver meg nådig; læk meg, for eg har synda ¬mot deg!»

6. Mine fiendar talar vondt ¬imot meg: «Når skal han døy ¬og hans namn ¬gå til grunne?»

7. Og kjem det ein og ser til meg, talar han falske ord. Hans hjarta samlar på det ¬som er vondt, og så går han ut ¬og snakkar om det.

8. Alle som har lagt meg for hat, kviskrar saman om meg, dei legg vonde planar ¬mot meg:

9. «Noko uhyggjeleg ¬har hendt han; no ligg han der ¬og står aldri meir opp.»

10. Jamvel venen min ¬som eg leit på, han som åt ved mitt bord, lyfter hælen mot meg.

11. Men, Herre, ver du meg nådig, hjelp meg opp, ¬så eg kan gje dei att.

12. Min fiende får ikkje ¬triumfera over meg; difor veit eg at du ¬har meg kjær.

13. Ja, du held meg oppe, for eg er heil i mi ferd; du lèt meg alltid ¬stå for ditt åsyn. *

14. Lova vere Herren, Israels Gud, frå æve til æve! ¬Amen, amen.

»