Logo
🔍

Salmenes bok 42 N78NN

« Lengsle etter Gud

1. Til korleiaren. Ein læresalme. Av Korah-songarane.

2. Liksom hjorten stundar etter rennande bekker, såleis stundar mi sjel etter deg, min Gud.

3. Mi sjel tyrstar etter Gud, etter den levande Gud. Når skal eg få koma og stiga fram for hans åsyn?

4. Mine tårer har vorte min mat både dag og natt. Dagen lang kjem folk og seier: «Kvar er no din Gud?»

5. Eg vil letta mi sjel og tenkja på det som var: at eg gjekk fram ¬i det store fylgjet, drog i festtog til Guds hus med jubelrop og takkesong – ein pilegrimsskare i fest.

6. Kvifor er du full av uro, ¬mi sjel, kvifor stormar det i meg? Vent på Gud! ¬For endå ein gong skal eg takka han, ¬min frelsar og min Gud.

7. Mi sjel er full av uro; difor kjem eg deg i hug frå Jordan-landet ¬og Hermon-fjellet, ja, frå Misar-berget òg.

8. Havdjup ropar til havdjup, og dine fossar durar. Alle dine brot og bylgjer slår no over meg.

9. Gjev Herren må senda ¬si miskunn om dagen og eg få syngja ¬hans pris om natta; eg bed til mitt livs Gud.

10. No seier eg til Gud, ¬mitt berg: «Kvifor har du gløymt meg, kvifor må eg gå og syrgja, medan fienden plagar meg?»

11. Det går meg gjennom ¬merg og bein når mine fiendar spottar meg, når dei seier til meg ¬dagen lang: «Kvar er no din Gud?»

12. Kvifor er du full av uro, mi sjel, kvifor stormar det i meg? Vent på Gud! ¬For endå ein gong skal eg takka han, ¬min frelsar og min Gud.

»