Logo
🔍

Salmenes bok 43 N78NN

«

1. Hjelp meg til min rett ¬og før mi sak mot folk som ikkje ¬viser miskunn! Fri meg, Gud, frå menneske som fer med svik og vondskap!

2. For du er mitt vern, Gud. Kvifor har du støytt meg bort? Kvifor må eg gå og syrgja medan fienden plagar meg?

3. Send ditt ljos og di sanning, lat dei leia meg og føra meg ¬til ditt heilage fjell, til dine bustader.

4. Så kan eg gå til Herrens altar, til Gud, mi glede og min jubel, og syngja din pris til lyra, Herre, du min Gud.

5. Kvifor er du full av uro, mi sjel, kvifor stormar det i meg? Vent på Gud! ¬For endå ein gong skal eg takka han, ¬min frelsar og min Gud.

»