Logo
🔍

Salmenes bok 44 N78NN

« Støyt oss ikkje bort for alltid!

1. Til korleiaren. Av Korah-songarane. Ein læresalme.

2. Gud, vi har høyrt det ¬med eigne øyro, våre fedrar har fortalt oss det: Du gjorde eit verk i deira tid, i gamle dagar gjorde du det.

3. Med di hand ¬dreiv du folkeslag ut, men våre fedrar planta du; dei andre folka knuste du, men våre fedrar ¬fekk breia seg fritt.

4. For dei tok ikkje landet ¬med sverd, deira arm gav dei ikkje siger. Det var du som hjelpte dei med di høgre hand og din arm og med ljoset frå ditt åsyn; for du hadde dei kjær.

5. Einast du er min konge ¬og Gud, som byd at Jakob skal bergast.

6. Med di hjelp har vi støytt våre fiendar til jorda, i ditt namn har vi trakka våre motstandarar ned.

7. For eg sette ikkje mi lit ¬til bogen, det var ikkje sverdet ¬som berga meg.

8. Nei, du har frelst oss ¬frå våre fiendar, dei som hata oss, ¬gjorde du til skammar.

9. Av Gud har vi alltid rosa oss, vi prisar ditt namn ¬til evig tid. Sela

10. Likevel støytte du oss bort ¬med skam, du drog ikkje ut ¬med våre hærar.

11. Du lét oss vika for fienden; dei som hata oss, ¬reiv til seg hærfang.

12. Du har gjeve oss over ¬som slaktefe og spreitt oss ¬mellom folkeslaga.

13. Du har selt ditt folk ¬til spottpris, du tok ikkje stor betaling ¬for det.

14. Du gjer oss til hån ¬for våre grannefolk, til spott og spe ¬for dei som bur ikring oss.

15. Du gjer oss til eit ordtak ¬mellom folka, lèt folkeslag ¬rista på hovudet åt oss.

16. Mi vanære har eg ¬alltid for auga, mitt andlet raudnar av skam,

17. når eg høyrer dei ¬som hånar og spottar, når eg ser min fiende ¬som vil ha hemn.

18. Alt dette har kome over oss, endå vi ikkje har gløymt deg og ikkje har svike di pakt.

19. Vårt hjarta har ikkje vike ¬frå deg, våre steg har ikkje bøygt av ¬frå din veg.

20. Likevel har du støytt oss bort til den staden ¬der sjakalar held til, og løynt oss ¬i djupaste mørkret.

21. Hadde vi gløymt å tilbe ¬vår Gud og lyft våre hender ¬til ein framand gud,

22. då ville vel Gud ha merka det, han som kjenner ¬hjartans løynde tankar.

23. Men for di skuld vert vi drepne dagen lang, vi vert rekna som slaktesauer.

24. Vakna! Kvifor søv du, Herre? Vakna, støyt oss ikkje bort ¬for alltid!

25. Kvifor løyner du ditt andlet, kvifor gløymer du ¬vår naud og trengsle?

26. Vår sjel er bøygd i støvet, vår kropp ligg trykt til jorda.

27. Reis deg og hjelp oss, fri oss ut ¬for din truskap skuld!

»