Logo
🔍

Salmenes bok 45 N78NN

« Til bryllaupet åt kongen

1. Til korleiaren. Etter «Liljene». Av Korah-songarane. Ein læresalme. Ein song om kjærleik.

2. Mitt hjarta strøymer over ¬av gode ord, eg vil kveda min song ¬for kongen. Mi tunge er som ¬ein snøggskrivars griffel.

3. Du er den fagraste ¬av menneske, milde ord har du på lippa. Difor har Gud velsigna deg ¬for alltid.

4. Spenn sverdet om livet, ¬du veldige kjempe, i di høgd og din herlegdom!

5. Ha lukka med deg! Dra ut til strid for sanning, mildskap ¬og rett! Di høgre hand skal visa deg skræmande storverk.

6. Dine piler er kvasse – folk stuper for deg; dei råkar kongens fiendar ¬i hjarta.

7. Din kongsstol, Gud, står til evig tid, rettferds stav er din kongsstav.

8. Du elska rettferd og hata urett. Difor har Gud, din Gud, salva deg med fagnads olje ¬framfor dine frendar.

9. Av myrra, aloë og kassia angar heile ditt skrud. Du gleder deg over strengespel frå elfenbeinsprydde haller.

10. Mellom dine edle damer er det kongsdøtrer, og ved di høgre side står dronninga i Ofir-gull.

11. Høyr, dotter, sjå hit ¬og vend øyra til! Gløym ditt folk og di farsætt,

12. så vil kongen gleda seg ¬over din venleik! For han er din herre, ¬han skal du hylla.

13. Frå Tyrus kjem dei med gåver, dei rike i folket ¬søkjer din velvilje.

14. I all sin prydnad ¬stig kongsdottera inn, hennar kjole ¬er gjennomvoven med gull.

15. I sin fargerike bunad ¬vert ho leidd til kongen. Etter henne fylgjer unge jenter, hennar veninner, ¬som vert førte fram for deg.

16. Medan folket ropar ¬av fryd og glede, går dei inn i kongens slott.

17. Dine søner skal koma ¬i staden for fedrane; set dei til hovdingar ¬kringom i landet!

18. Frå ætt til ætt ¬vil eg prisa ditt namn; difor skal folka ¬lova deg evig og alltid.

»