Logo
🔍

Salmenes bok 47 N78NN

« Gud er konge over all jorda

1. Til korleiaren. Av Korah-songarane. Ein salme.

2. Klapp i hendene, alle folk, hyll no Gud med jubelrop!

3. For ageleg er Herren, ¬Den Høgste, den store kongen over all jorda.

4. Han la folkeslag under oss, folkeætter under våre føter.

5. Han valde eit land ¬som han gav oss i arv, ein stolt arv for Jakob, ¬som han elskar. Sela

6. Gud drog opp ¬medan jubelrop ljoma, Herren kom ¬medan horna klang.

7. Syng for Gud, ja, syng og spel, syng og spel for vår konge!

8. For Gud er konge ¬over all jorda. Syng ein lovsong for han!

9. Gud er konge over folka, han sit på sin ¬heilage kongsstol.

10. Fyrstane over folka ¬skal samlast med folket åt Abrahams Gud. For skjoldane på jorda ¬er i Guds makt. Høgt er han opphøgd.

»