Logo
🔍

Salmenes bok 48 N11NN

«

1. Ein song. Ein salme. Av Korah-songarane.

2. Stor er Herren og verdig lov og pris i vår Guds by, på hans heilage fjell.

3. Fagert og høgt, ei glede for heile jorda er Sion-fjellet lengst i nord, den store kongens by.

4. I byens borger gjev Gud seg til kjenne, han er vårt vern.

5. For kongane slo seg saman og drog fram i fylking.

6. Dei såg opp og vart skremde, dei rømde i redsle.

7. Redsle kom over dei så dei skalv, rier som hos ei fødande kvinne,

8. som når austavind knuser Tarsis-skip.

9. Det vi før høyrde, har vi no sett i byen til Herren Sebaot, i byen til vår Gud. Gud held han oppe til evig tid. Sela

10. I ditt tempel, Gud, tenkjer vi på di miskunn.

11. Gud, der ditt namn er kjent, får du lovsong, heilt til endane av jorda. Di høgre hand er full av rettferd.

12. Sion-fjellet skal gleda seg og Judas døtrer jubla over dine dommar.

13. Gå rundt Sion, gå heilt omkring, tel tårna i byen,

14. legg merke til vollane, gå gjennom borgene. Fortel så til den slekta som kjem:

15. Slik er Gud, vår Gud for evig. Han skal føra oss ut over døden.

»