Logo
🔍

Salmenes bok 48 N78NN

« Guds by

1. Ein song. Ein salme. Av Korah-songarane.

2. Stor er Herren, ¬og høgt er han lova i vår Guds by, ¬på hans heilage fjell.

3. Det reiser seg fagert, ¬ei glede for all jorda, Sion-fjellet lengst i nord, byen åt den store kongen.

4. Gud er i borgene der, kjend som eit trygt vern.

5. Sjå, kongane slo seg saman, i fylking drog dei fram.

6. Men då dei såg opp, ¬vart dei vitskræmde og rømde i bråhast.

7. Der vart dei gripne ¬av skjelvande redsle, av angst ¬som ei fødande kvinne.

8. Det var som når storm ¬frå aust knuser Tarsis-skip.

9. Det vi før høyrde, ¬har vi no sett i byen åt Herren, Allhærs Gud, i vår Guds by. Han held han oppe ¬til evig tid. Sela

10. Vi grundar på din truskap, Gud, i ditt heilage tempel.

11. Ditt namn er kjent, Gud, og det får lovsong heilt til endane av jorda. Di høgre hand ¬er full av rettferd.

12. På Sion-fjellet gleder dei seg, og i Juda-byane jublar dei over dine domar.

13. Gå rundt om Sion, ¬gå heilt ikring, tel kvart tårn i byen!

14. Legg merke til festningsvollane og gå igjennom borgene! Fortel så til den ætt som kjem,

15. at slik er Gud, vår Gud, ¬for evig. Han skal føra oss ut ¬over døden.

»