Logo
🔍

Salmenes bok 49 N78NN

« Menneskeleg herlegdom forgår

1. Til korleiaren. Av Korah-songarane. Ein salme.

2. Høyr dette, alle folkeslag, lyd etter, ¬alle de som bur i verda,

3. både høg og låg, rik og fattig!

4. Min munn skal tala vise ord, vituge er mine tankar.

5. Eg bøyer mitt øyra ¬til visdomsord og løyser mi gåte ¬til tonar frå lyra.

6. Kvi skal eg ottast i vonde dagar når eg på alle kantar møter svikarars vondskap?

7. Dei set si lit til sitt gods og briskar seg ¬av sin store rikdom.

8. Ingen kan løysa ut sin bror og gje Gud løysepengar ¬for han,

9. – det vart for dyrt ¬å kjøpa han fri, det må gjevast opp for alltid –

10. så han kunne leva evig og aldri gå i grav.

11. Nei, han ser ¬at jamvel vismenn må døy, dårar og dumme ¬går alle til grunne og etterlèt sitt gods til andre.

12. Grava vert deira heim ¬for evig, deira bustad frå ætt til ætt, endå dei samla seg ¬åker og eng.

13. Med all sin herlegdom kan mennesket ikkje ¬leva for alltid; liksom dyra må det døy.

14. Så går det med dei ¬som lit på seg sjølve, det vert slutten for alle som er nøgde ¬med sine eigne ord. Sela

15. Som ein saueflokk ¬fer dei til dødsriket, døden er deira hyrding. Dei ærlege skal rå over dei når morgonen renn. Deira skapnad ¬går i oppløysing, i dødsriket skal dei ha ¬sin bustad.

16. Men Gud vil fria meg ut or helheims vald, for han vil ta meg til seg. Sela

17. Ver ikkje redd ¬om ein mann vert rik, om velstanden aukar ¬i hans hus!

18. For når han døyr, ¬får han ingenting med, rikdomen fylgjer han ikkje ¬i grava.

19. Han kan prisa seg lukkeleg ¬her i livet: «Folk rosar deg, ¬for du gjer det godt.»

20. Likevel går han til sine fedrar og får aldri meir sjå ljoset.

21. Med all sin herlegdom skjønar mennesket ingen ting; liksom dyra må det døy.

»