Logo
🔍

Salmenes bok 5 N78NN

« Morgonbøn

1. Til korleiaren. Med fløytespel. Ein Davids-salme.

2. Herre, høyr mine ord, gjev akt på mitt sukk!

3. Lyd til mitt rop om hjelp, min konge og min Gud! Herre, eg bed til deg.

4. Om morgonen høyrer ¬du mi røyst, tidleg vender eg meg til deg ¬og ventar.

5. Du er ein gud ¬som ikkje toler vondskap; den vonde får ikkje gjesta deg.

6. Dei hovmodige får ikkje ¬stiga fram for deg. Du hatar alle ugjerningsmenn

7. og gjer ende på dei ¬som talar lygn. Herren styggjest ¬ved drapsmenn og svikarar.

8. Men ved di store miskunn kan eg gå inn i ditt hus. Eg vender meg ¬mot ditt heilage tempel og bøyer meg ned i age for deg.

9. Herre, lei meg i di rettferd, så mine fiendar ikkje når meg. Gjer vegen jamn for meg!

10. Det finst ikkje sanning ¬i deira munn, dei er heilt igjennom rotne. Deira strupe er ¬som ei open grav, falske ord ligg dei på tunga.

11. Gud, lat dei bøta for si skuld, lat dei falla ¬for sine vonde planar! Driv dei bort og sprei dei! For deira synd og skuld er stor, dei har trassa deg.

12. Alle som flyr til deg, skal alltid vera glade og fegne. Du vernar dei, og dei som elskar ditt namn, skal fryda seg i deg.

13. For du, Herre, ¬velsignar den rettferdige, du vernar han med nåde ¬som med eit skjold.

»