Logo
🔍

Salmenes bok 52 N78NN

« Det vonde og det gode ordet

1. Til korleiaren. Ein læresalme av David,

2. då edomitten Doeg kom og fortalde Saul at David hadde teke inn i Akimeleks hus.

3. Kvifor rosar du deg ¬av din vondskap, du mektige mann? – Guds truskap varer alltid.

4. Du tenkjer berre ¬på å øydeleggja, tunga di er som ein kvass kniv, du som fer med svik.

5. Du elskar det vonde ¬meir enn det gode og lygna ¬meir enn sannferdig tale. Sela

6. Du elskar kvart ord ¬som gjer rådlaus, du som har svik på tunga.

7. Difor skal Gud slå deg ned ¬for alltid, knusa deg ¬og dra deg ut or ditt telt; han skal rykkja deg opp ¬or landet åt dei levande. Sela

8. Dei rettferdige skal sjå det ¬og ottast; dei skal le åt han og seia:

9. «Sjå, der er den mannen som ikkje søkte livd ¬hjå Gud, men sette si lit ¬til sin store rikdom og bruka sin styrke ¬til å øydeleggja.»

10. Men eg er som eit oliventre, grønt og frodig i Guds hus. Evig og alltid set eg mi lit til Guds truskap.

11. All mi tid vil eg prisa deg, fordi du har gripe inn. Saman med dine trugne set eg mi von til ditt namn, for du er god.

»